- 1/1
Fredrik Parelius / Casper André Lugg Linn Heidi Stokkedal / Christopher Helberg, Bonnier Norsk Forlag
Eg likar skogdrøymd elv
som renn forutan song,
eg likar vatn som ikkje veit
um garn og stong.
Korleis les poetane Fredrik Parelius og Casper André Lugg dette Hauge-diktet inn mot eigne dikt? Med dette diktet som utgangspunkt vil dei to velja ut dikt frå eigne samlingar som dei vil lesa for oss.
Fredrik Parelius (f. 1991) debuterte i år med diktsamlinga Salt/Land. Her finn me dikt i tradisjonelle former som portretterer ei øy på Helgelandskysten. Sentralt i dikta står gjentakande mønster som er både menneskeskapte og naturgjevne. Her er dikt om måltid, fiskereiskapar, talemåtar, slekt og opphav. I botnen av diktsamlinga ligg det ein sonettkrans der dikta fylgjer kvarandre i ein tematisk samanheng og til slutt bit kvarandre i halen.
Casper André Lugg (f. 1985) debuterte med diktsamlinga Lite rekviem i 2011 og har sidan gjeve ut heile ti diktsamlingar og ei gjendikting. Lugg skriv poesi med utgangspunkt i ei akutt naturkjensle, prega av det sårbare og umistelege ved naturformene. I dikta til Lugg får me kjenna på sorga som ligg i naturen sitt tap av balanse og mangfald. I denne lesinga vil Lugg lesa frå samlingane Sted for løpende hjerte frå 2021 og tilhørighetstersklene frå 2025.
Vaksen kr 200 / Student kr 100