Me snurrar tidlegare upubliserte filmklipp frå Olav H. Hauge sin 85-årsfest på Utne i 1993.
Hauge sjølv var verken van med eller særleg glad i bursdagsfeiringar. Men ei feiring på folkemuseet på Utne klarte sjølv ikkje diktaren å takka nei til, så fest vart det. Og det tre dagar til endes!
Me gjer merksam på at dette er private amatøropptak der både lyd- og biletkvaliteten er varierande.
Festen er foreviga på to videokassettar. 12. september syner me del ein, og 13. september del to.
Fri inngang.
Haugefilm frå arkivet
NB! Arrangementet har funne stad
Haugesenteret Poesifestivalen 2026
12. sep. 2026
17.30
13. sep. 2026
11.30