- 1/1
Torild Wardenær / Pedro Carmona-Alvarez Geir Egil Bergjord / Eva Lene Gilje Østensen
I årets Haugesamtale møter me Torild Wardenær, som i likskap med Olav H. Hauge ofte skriv om natur. Kva fortel forfattarskapane om relasjonen mellom menneska og dei andre livsformene? Kva seier diktet om det å vera til? I si nyaste diktsamling Eks jordisk tek Wardenær utgangspunkt i eit utval av dei 2 878 utryddingstrua artane på den norske raudlista og er smerteleg konkret i gjennomgangen av eit utsett biologisk mangfald. Den overhengande trusselen om tapserfaring er ei sentral drivkraft i desse dikta.
Me møter Torild Wardenær i samtale med Pedro Carmona-Alvarez om å skriva dikt med omsyn for og kjærleik til naturen – slik også Hauge gjorde.
Torild Wardenær (f. 1951) debuterte med I pionertiden i 1994 og har sidan gjeve ut elleve diktsamlingar. Wardenærs poesi er kjenneteikna av eit klårt, men samstundes komplekst og originalt formspråk. Hennar nyaste diktsamling, Eks jordisk, krinsar rundt tap av natur og biologisk mangfald. Dikta er detaljrike, vakre og vemodige.
Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972) er forfattar, poet og gjendiktar. Han har vore eit vitalt tilskot til norsk poesi sidan diktdebuten Helter i 1997. Med ei sterk og original stemme har han gjeve ut bøker i ei rekkje sjangrar, og har også verka som redaktør for fleire antologiar av dikt og gjendiktingar. Bøkene hans er også omsette til fleire språk.
Vaksen kr 250 / Student kr 150