- 1/1
Hilde Myklebust / Torild Wardenær Helle Frogner / Geir Egil Bergjord
Ein brakekall og ei revebjølle
i einstape-engi.
Og revebjølla leidde
små nubbar i raude huvor
ved handi,
og brakekallen
stødde seg til staven.
Korleis les poetane Hilde Myklebust og Torild Wardenær dette Hauge-diktet inn mot eigne dikt? Med dette diktet som utgangspunkt vil dei to velja ut dikt frå eigne samlingar som dei vil lesa for oss.
Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. Til årets festival er ho aktuell med si fjerde diktsamling, Kvit stig morgon skir, som kom ut i fjor. I Myklebust sine dikt finn me eit konkret og biletsterkt språk med djupe røter til naturen og til menneska som lever i han. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, gjennom steingardar, marker, gamle tre og fuglar som flyr over ein gard.
Torild Wardenær (f. 1951) debuterte med I pionertiden i 1994 og har sidan gjeve ut elleve diktsamlingar. Wardenærs poesi er kjenneteikna av eit klårt, men samstundes komplekst og originalt formspråk. Hennar nyaste diktsamling, Eks jordisk, krinsar rundt tap av natur og biologisk mangfald. Dikta er detaljrike, vakre og vemodige.
Vaksen kr 200 / Student kr 100