- 1/1
Her møter de dei to gode venane Jakob og Neikob, frå Kari Stais biletboksuksess. Jakob seier ja til alt og Neikob seier nei til alt. Men kva gjer dei to når dei mister tida? Bli med på reisa for å få den tapte tida tilbake i denne oppfinnsame og morosame figurframsyninga.
Framsyninga er for alle, særleg born 3–8 år.
Figurspelar: Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill
Scenemanus: Adele Lærum Duus/Annicke Gill
Musikk: Hallvard Lærum
Kostymedesign: Signe Duus
Figur, scenografi, teknikk: Adele Lærum Duus
Snikkar: Roddy Duus
Forfattar/opphavskvinne: Kari Stai
Prosjektleiar: Drifa Gudmundsdottir v/Nynorsk kultursentrum
Takk til Ksenia Scherman Karlsen, Hanne M. Mosendsletten og Birgit Kårbø.
Støtta av Kulturtanken og Nynorsk kultursentrum.
Varigheit: 45 minutt
Billett: Barn kr 100 kr / Vaksen kr 150 kr