Hopp til hovudinnhald

Konsert: Pumpegris

Kongressen Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
21.00
Kjøp billett
  • Foto med Pumpegris sine fem bandmedlemar
    Pumpegris Ferdinand Schwarz


Vi er jo bare mennesker
med voksesmerter
i en uoversiktlig verden

Folkemusikkfenomenet Pumpegris er klare for Poesifestivalen! Dei kjem for å spreie norsk folkemusikk med fest og faenskap – nett slik han oppstod.

Med vokalist Vera Sonne i front rører bandet seg mellom kveding og rap, og fangar det dansande drivet i folkemusikken. Pumpegris hentar impulsar frå funk, shoegaze, visepop og hiphop, og tek folkemusikken inn i eit uttrykk som er både nært, skittent og groovy.

Debutskiva Fritids (2025), produsert av Tuva Syvertsen, er full av fengande låtar der norsk kulturarv møter notidas ungdom, slåttar møter rap, og fuzzgitar møter salmetonar. Tekstane er brutale og såre, humoristiske, dønn ærlege og ektefølte.

Pumpegris har noko vilt eige over seg – noko publikum landet over har omfamna og elska. Ulvik, ta dei vel imot!

Med: Vera Sonne, Mikkel Bjørneboe, Jon Espelid, Trygve Liahagen og Astrid Garmo.

Aldersgrense 18 år.

Vaksen kr 400 / Student kr 300