Hopp til hovudinnhald

Konsert: Tønes

Kongressen Poesifestivalen 2026
12. sep. 2026
22.30
Kjøp billett
  • Tønes Tommy Ellingsen

Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen, og fleire har omtala han som ein Dylan på dialekt. Det gjer dei med det rette! Tønes er ein låtskrivar i særklasse som fortel underfundige og humoristiske historier på klingande sokndal-dialekt.

Han har vunne fleire prisar, mellom anna Prøysenprisen, Dialektprisen og heile fire Spellemannprisar.

I 2025 kom Tønes med plata I år gjør me det heilt enkelt – den ellevte i rekkja! Det er 10 år sidan sist han vitja Poesifestivalen og fylde salen til randen.

Me gler oss stort til eit nytt møte!
 

Billett kr 550