Hopp til hovudinnhald

Konsert: Valkyrien Allstars

Kongressen Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
22.30
Kjøp billett
  • fire bandmedlemar sit ein gamal sofa bakom eit kvit firkanta bord
    Valkyrien Allstars Erik Havnes

Tenk om det kan bli som Hauge skreiv
om at det som før var stengt skal opne seg

syng Valkyrien Allstars på si nye plate. Dei syng like fint, om ikkje finare, enn før! Og dei er tilbake på Poesifestivalen! For ja, me blir jo aldri lei av eit av landets beste liveband, med ein av Noregs beste tekstforfattarar i front.

Tuva Syvertsen og resten av bandet gav ut sitt sjuande album Venter på noen, som venter på noen i 2025. Bandet har gått i nye retningar for kvar utgjeving, og blir med sitt heilt særeige uttrykk rekna som ein pioner for den nye folkemusikken.

Sidan førre besøk i Ulvik har Erik blitt endå betre på gitar, Martin har lært seg å spela banjo, Magnus har limt bassen og Tuva har fylt pennen. 
 
Dette vil du ikkje gå glipp av!
 

Billett kr 550