- 1/1
Hilde Myklebust / Laugarstovo Helle Frogner / Laugarstovo
Kvit stig
morgon skir
Kvitt veks lyset
frå mor sin munn
Legg seg over sjøen
i ei bøn
Hilde Myklebust si nyaste diktsamling Kvit stig morgon skir fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leva, men alltid på nåde. Som i Myklebust sine tidlegare diktsamlingar skriv ho med ein veldig nærleik til naturen og alt levande. Etter diktlesinga kan ein lauga seg i fjorden og etterpå varma seg i badstova i det gamle prestegardsnaustet.
Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. I 2018 kom diktsamlinga Kvar ein fugl. Til årets festival er ho aktuell med si fjerde diktsamling, Kvit stig morgon skir, som kom ut i fjor.
Arrangementet er i samarbeid med Prestakaien Laugarlag.
Fri inngang.