Elin Stengrundet / Fredrik Parelius / Hadle Oftedal Andersen Ingrid Nestås Mathisen / Anne Martha Stokke, UiB / UiS
«Opnar du grindi inn i hagen og stoggar litt ved dei ymse bed, vert du litt etter litt fanga inn og trylt av den mektige fargesymfoni. Du set deg ned og let kvila falla på i stille harmoni. Du fær fred».
Konrad Lunde
«Nei, idyllar skriv Hauge ikkje, og dei som meiner at eit dikt må ha song i seg for å vera godt, bør ikkje lesa han. Ofte verkar det som om han er bevisst og med vilje antilyrisk».
Jo Ørjasæter
«[…] han tilhører en type forfattere som synes å arbeide uvitende om verdenslitteraturen».
Erling Christie
Då diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet kom ut, fekk ho ei delt mottaking. Sett i ettertidas ljos er ho òg noko av ei overgangsbok for Hauge, for ho står på terskelen mellom det tradisjonsbundne og det nyskapande: på den eine sida er det dikt som følgjer faste mønster for rim og rytme, og på den andre sida finst det ein formelt sett friare modernisme. Som heilskap må samlinga nok òg seiast å vera noko ujamn. Like fullt finst truleg Hauges aller sterkaste enkeltdikt i akkurat denne boka.
Under årets festivalseminar vil litteraturforskarane Elin Stengrundet, Fredrik Parelius og Hadle Oftedal Andersen gjera oss betre kjende med dette sentrale verket av Olav H. Hauge.
Vaksen kr 200 / Student kr 100