- 1/1
Anna Kleiva / Fredrik Parelius Ingvil Skeie Ljones / Linn Heidi Stokkedal
Poetane Anna Kleiva og Fredrik Parelius ber oss lyfta glaset og ta ein skål for poesifesten som no er i gang!
Anna Kleiva (f. 1985) les frå Triks, eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein samtids-sci-fi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen. I dikta blir røyster frå reklamar og sosiale medium vrengde og omskapte i ei utforsking av venleik, teknologi, natur og undergang. Triks sprett mellom det seriøse og det tåpelege, det påtrengjande og det grublande, fakta og dikting.
Fredrik Parelius (f. 1991) les frå debutboka Salt/Land. Her finn me dikt i tradisjonelle former med motiv frå ei øy på Helgelandskysten. Sentralt i dikta står gjentakande mønster som er både menneskeskapte og naturgjevne: måltid, fiskereiskapar, talemåtar, slekt og opphav. I botnen av samlinga ligg ein sonettkrans der dikta fylgjer kvarandre og til slutt bit kvarandre i halen.
Billett kr 100