Hopp til hovudinnhald

Lyriske høgdepunkt under Poesifestivalen 2026

Eit begeistra publikum fekk med seg eit innhaldsrikt program under årets poesifestival. Over 3300 gjester fordelt på 33 ulike arrangement var innom festivalen frå lyrisk tjuvstart i Bergen torsdag kveld til avslutningskonsert i Ulvik sundags ettermiddag.

  • 1/1
    Annlaug Børsheim og Frode Grytten under festivalopninga Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

– Med dyktige utøvarar på scena og fleire utselde arrangement, må me seia oss svært nøgde med årets festival, seier museumsleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide.

Olav H. Hauge-stipendet

Poet Svanhild Amdal Telnes vart tildelt Haugestipendet for unge diktarar 2026. Det var ein glad og takksam Amdal Telnes som tok imot stipendet under ei fullsett opning av festivalen fredag kveld.

– Når ein skriv, er ein mykje oppi sitt eige hovud, og baksar med all den tvilen og motstanden som måtte finst der. Å bli lesen, lyfta fram og heia på, betyr altså ein heil del. Og så er det spesielt kjekt å få ein pris i Hauge sitt namn!, seier stipendvinnar Svanhild Amdal Telnes.

  • Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, Svanhild Amdal Telnes
    1/1
    Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, Svanhild Amdal Telnes Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Seint rodnar skog i djuvet

Årets festival tok pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i Hauge-diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet som utgangspunkt. Gjennom eit utseld lyrikkseminar fredag gjorde litteraturforskarane Elin Stengrundet, Hadle Oftedal Andersen og Fredrik Parelius publikum betre kjende med dette sentrale verket av Hauge. Årets Haugeførelesar, Ingrid Nielsen, utforska nye og spennande tankar om diktsamlinga til eit lyttande festivalpublikum i alle aldrar. Poet Ruth Lillegraven har alltid vore nysgjerrig på korleis Hauge delte seg mellom rolla som diktar og rolla som gardbrukar. Ho drøfta dette gjennom Hauge sine dagboknotat og dikt, i føredraget «Um nætene låg eg ofte og lydde til susen av lauvet».

Poetiske gleder  

Lyrikken har fått skina for seg sjølv også denne poesifestivalen. Under Poetisk festkveld fekk publikum lytta til den rike og varierte norske og nordiske samtidspoesien. Det var også møte med poesi mellom epletre langs Frukt- og Siderruta og til sundagslauging ved det gamle prestegardsnaustet.

  • 1/1
    Lesing og sundagslauging med festivalpoet Hilde Myklebust Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

 – Poesifestivalen i Ulvik skal syna fram mangfaldet i lyrikken gjennom diktlesing og litterære samtalar der både poetar, forfattarar, litteraturkjennarar og -forskarar er med, seier museumsleiar Jorid Lekve Eide.

Festivalpublikummet fekk også lytta til smakebitar frå unge røyster frå Skrivekunstakademiet i Bergen, og til dikt frå ungdomsskuleelevar som har kome til i Poesiverkstaden i Haugesenteret.

– Det er viktig å inspirera dei unge til å bli interesserte i dikting og poesi. Gje dei ein inngang til eiga skriving, seier Eide.

  • 1/1
    Festivalpoet Ida Börjel Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Poetiske gleder kom også i musikalske former under festivalen i Ulvik. Martin Ingebrigtsen og Jordan Sand kom med Tingingsverket «Treet drøymer om seg sjølv». Eit verk som snart vil leva vidare gjennom fleire konsertar, og som også kjem ut på plate denne hausten. Valkyrien Allstars gjorde nok ein strålande konsert i Hauge si heimbygd. Framsyninga Platons drikkegilde tok publikum med storm, og gjorde laurdag kveld til ein fullverdig festkveld i kjærleikens namn. Tønes gav publikum ei særeigen blandinga av humor, alvor og kvardagsbetraktningar som fekk både smil og ettertanke fram.

– Det er noko heilt eige med å få samla så mange ulike uttrykk rundt poesien. Under årets festival har me fått oppleva både musikk, framsyningar og litteratur som på ulike måtar har fått spela saman. Gjennom slike møte opnar det seg nye dører inn til poesien, seier vertskaps- og programansvarleg Ingeborg Langballe Storebø.

  • 1/1
    Konsert med Tønes Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Barn og unge

I festivalveka vitja forfattar Brynjulf Jung Tjønn 8. klassingar i Hardanger og Voss med føredraget «Å høyra til». Eit forfattarbesøk som fekk elevane til å reflektera over tema som identitet, rasisme og livsmeistring. Ingunn Thon engasjerte barneskuleelevar gjennom boka si «Oppdrag romvesen», og var også å sjå i framsyninga «Avdeling T og Full bajas» saman med formidlar i Haugesenteret Anja Haugland Svingen.

Neste gong Poesifestivalen vert arrangert er 8.–10. september i 2028.