- 1/1
Mona Høvring får ein plass på diktarstien. Agnete Brun
Mona Høvring (f. 1962) har ein variert forfattarskap innan poesi og prosa og gjev ut bøker på både nynorsk og bokmål. Høvring debuterte i 1998 med IIK! Ein dialog og har sidan gitt ut fjorten bøker. Av desse er heile åtte diktsamlingar. Den nyaste lyrikkutgjevinga hennar kom i år og har tittelen Skogsinteriør med rev og andre dikt.
Kompleks, sanseleg og utforskande er tre treffande ord om årets prisvinnar. Vinnaren kan óg seiast å ha eit litterært univers som er heilt særeige i den norske samtidspoesien. Den lyriske klangen er umiskjenneleg eigen, og den språklege rikdomen er stor hjå poeten Høvring.
– Mona Høvring er ein poet som er nyskapande, leiken og samstundes kompleks i det poetiske språket sitt. Ein lyrikar heilt unik i den norske poesifloraen. Det er heilt på sin plass at ho no får si diktartavle på Diktarstien på Utne, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.
Diktarstien ved Hardanger folkemuseum
Diktarstien er ein vakker hellegang med 32 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Høvring går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla. Blant dei finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.
Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil publikum få høyra poeten lesa, og snakka om diktinga si saman med Stein A. Hevrøy, konservator NMF ved Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum.