Hopp til hovudinnhald

Nominer kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet

Olav H. Hauge-stipendet på heile 150 000 kroner blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har utmerkt seg med eit særleg poetisk talent. Stipendet blir delt ut under opninga av Poesifestivalen fredag 11. september 2026.

  • Poet Martin Ingebrigtsen med diplom og blomebukett med fjorden som bakgrunn.
    Martin Ingebrigtsen, vinnar av Olav H. Hauge-stipendet i 2024 Nynorsk kultursentrum

Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum oppretta stipendet i 2018 for å løfte fram nye poetiske røyster. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

– Mange litterære prisar blir tildelte forfattarar som allereie er godt etablerte. Denne prisen skil seg derimot ut ved at han er retta mot lyrikk og går til ei ung, markant diktarrøyst. Føremålet med Hauge-stipendet er å gje lovande lyrikarar gode vilkår for arbeidet sitt og samstundes stø kunstnarleg utvikling, seier Jorid Lekve Eide, museumsleiar ved Haugesenteret.

Lyrikar Erlend O. Nødtvedt var den aller fyrste som mot tok stipendet. Songpoeten Endre Olsen frå Stord vann stipendet i 2020, lyrikkdebutanten Priya Bains tok imot prisen i 2022 og i 2024 var det poet Martin Ingebrigtsen som blei tildelt Hauge-stipendet.

Alle kan fremja forslag til kandidatar til stipendet på nettstaden nynorsk.no fram til 20. mars. Det er sett ned ein eigen fagjury for stipendet.

Stipendet er finansiert av Sparebanken Norge.

Tidlegare stipendvinnarar:  
2018: Erlend O. Nødtvedt 
2020: Endre Olsen 
2022: Priya Bains 
2024: Martin Ingebrigtsen

Send inn din nominasjon i skjemaet under: