- 1/1
Ny gul duk på bordet.
Og nye kvite ark!
Her må då ordi koma,
her som er so fin duk
og so fint papir!
Slik står det i Hauge-diktet «Ny duk» frå diktsamlinga Janglestrå. Er det slik for årets stipendvinnar? Kjem orda og dikta til deg, berre du har ny duk og fint papir? Vinnaren av årets Haugestipend fortel om eiga skriving og korleis skrivinga starta, i samtale med Pedro Carmona-Alvarez. Vinnaren vil sjølvsagt også lesa for oss.
Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972) er forfattar, poet og gjendiktar. Med ei sterk og original stemme har han gjeve ut bøker i ei rekkje sjangrar, og har også verka som redaktør for fleire antologiar av dikt og gjendiktingar. Carmona-Alvarez er leiar i fagjuryen for Olav H. Hauge-stipendet 2026. I juryen sit også forfattar og kritikar Kristin Vego og forfattar Tormod Haugland.
Fri inngang.