Hopp til hovudinnhald

Olav H. Hauge-stipendet 2026 til Svanhild Amdal Telnes

Poet Svanhild Amdal Telnes blei tildelt Hauge-stipendet for unge diktarar under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 11. september for den lyriske forfattarskapen sin.

  • Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, Svanhild Amdal Telnes
    1/1
    Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, Svanhild Amdal Telnes Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Det var ein glad og takksam Amdal Telnes som tok imot stipendet under ei fullsett opning av Poesifestivalen fredag kveld. – Når ein skriv, er ein mykje oppi sitt eige hovud, og baksar med all den tvilen og motstanden som måtte finst der. Å bli lesen, lyfta fram og heia på, betyr altså ein heil del. Og så er det spesielt kjekt å få ein pris i Hauge sitt namn!, seier stipendvinnar Svanhild Amdal Telnes.

– Mottakaren av årets Hauge-stipend er ein poet som arbeider med hugsens glimtvise kvalitetar og avgrensingar; med minnet som fragment, som uskarpe polaroidbilete, utsnitt og detaljar, sa juryleiar Pedro Carmona-Alvarez under utdelinga.

Om årets stipendvinnar

Svanhild Amdal Telnes (f. 1994) er frå Seljord i Telemark. Ho debuterte med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljarar i 2018, som ho óg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho fylgde opp med samlinga Å jage ein hjort i døden i 2021 og fekk i 2022 Bokhandlarforeningens forfattarstipend for bøkene sine. I 2024 kom den tredje diktsamlinga hennar, Munn mot tømmeret.

–  Publikum har høve til å høyra meir frå stipendvinnaren gjennom festivalhelga. Laurdag føremiddag møter ho Pedro Carmona-Alvarez til samtale i programposten “Ny duk”, og laurdag kveld er ho ein av festivalpoetane i “Poetisk festkveld” i Elvatun. Her er berre å sikra seg ein stol med det same, seier museumsleiar og
festivalsjef ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide.

Om stipendet

Det er femte gong Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut. Stipendet går til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gjeve ut diktsamlingar eller eigne større songverk, og som gjennom denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.

Stipendet på 150 000 kroner er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. Stipendet er oppretta av Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret, og det er Haugesenteret som deler ut stipendet kvart anna år under opninga av Poesifestivalen. 

Fagjury for stipendet har vore Pedro Carmona-Alvarez, juryleiar, forfattar og musikar. Kristin Vego, forfattar og litteraturkritikar, og Tormod Haugland, forfattar

Tidlegare stipendvinnarar

2018: Erlend O. Nødtvedt
2020: Endre Olsen
2022: Priya Bains
2024: Martin Ingebrigtsen