Hopp til hovudinnhald

Om Poesifestivalen

Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt. Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen.

  • 1/1
    Ådne Dyrnesli

Poesifestivalen i Ulvik vert arrangert andre helga i september annakvart år. Neste festival er 11.–13. september 2026. Denne helga i september tek Poesifestivalen heile bygda i bruk. I det tradisjonsrike ungdomshuset Elvatun finn du konsertar, Hauge-samtalen og festivalkro med lokale smakar på fat og i glas. Diktopplesing kan opplevast mellom epletre og sidergardar på landets einaste Frukt- og siderrute. I Haugesenteret finn du utstilling om Hauges liv og verk, lyrikk i mange former og museumsbutikk. Festivalen har òg arrangement i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.  

Ulvik herad er med i det internasjonale Cittaslow-nettverket og legg vekt på miljø, berekraft, lokale tradisjonar, innovasjon og gjestfridom. Under festivalen vil du møta engasjerte og gjestmilde frivillige på dei mange arenaene våre.

Ver velkomne til ein innhaldsrik festival i Cittaslow-bygda Ulvik!  

PRAKTISK INFORMASJON

Arena og parkering

Haugesenteret
Promenaden 7, 5730 Ulvik

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Transport

Bil:

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Tog & Buss:

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss. Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid. Festivalen oppmodar alle sine utøvarar og gjester om å reise grønt og miljøvenleg, så sant det er mogeleg. 

Vy (tog)

Skyss  (buss) 

Fly:

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen. Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

Norwegian

SAS 

Overnatting og mat

Ulvik har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping. Ulvik har også ei eiga tretopphytte og fleire Airbnb i naturskjønne omgjevnader. 

Ta gjerne kontakt med Turistinformasjonen  i Ulvik for meir informasjon. 

Her finn du arrangøren

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2