Hopp til hovudinnhald

​​Opning av ny utstilling på Haugesenteret ​

Onsdag 17. desember opna ei ny utstilling i den gamle heradstyresalen på Haugesenteret. Utstillinga fortel historia om boksamlaren Olav H. Hauge og syner for fyrste gong fram heile boksamlinga til Hauge på over 4000 band.

  • Bilete av Museumsleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide, i svart bukse og kvit bluse ,som klipper den raude snora under opninga av den nye utstillinga på Haugesenteret.
    1/1
    Museumsleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide klipper snora under opninga av den nye utstillinga på Haugesenteret. Geir Netland

– Etter over ti år der tjuefem prosent av samlinga har stått på arkiv er det ei stor glede å kunne stilla ut den komplette boksamlinga etter Hauge, seier Jorid Lekve Eide, museumsleiar ved Haugesenteret.  

I boksamlinga til Olav H. Hauge er mange verdshjørne og kulturar representerte. Størsteparten av boksamlinga er skjønnlitteratur. Men her er også forfattarbiografiar, litteraturteori, filosofi, kunstbøker, psykologi, religiøse skrifter og ordbøker for fleire språk. – Det er eit stykke frå det å vera interessert i bøker – sjølv med den graden av bokinteresse Hauge hadde – til det å eiga godt over fire tusen band. Så korleis skaffa Hauge seg alle desse bøkene, og til kva tid? Kva rolle spela bøkene i poeten sitt liv, og kva kan bøkene fortelja oss om Hauge si eiga dikting? Dette freistar me seia noko om i denne nye utstillinga, fortel Eide.  

Den nye utstillinga ser på samanhengane mellom leselysta, diktinga og bøkene til diktaren frå Ulvik. Målet er at utstillinga skal opna opp for nye blikk på Hauge sin forfattarskap, og på den måten få både ny og varig verdi for ei unik forfattarboksamling som denne. – Gjennom å kasta ljos på ulike delar av boksamlinga til Hauge håpar me å opna nye dører inn til ei av Noregs mest markante poetiske røyster, avsluttar Eide.  

Utstillinga er kuratert av staben på Haugesenteret ved museumsleiar Jorid Lekve Eide, fyrstekonservator Stein A. Hevrøy og formidlar Anja Haugland Svingen. Utstillinga er produsert av utstillingsprodusenten SixSides. Bruket Arkitektur har vore utstillingsarkitekt og møbelsnekkar Morten Hansen i Fagerheim Tre står bak den nye bokhylla som husar bøkene til Hauge. Oppussinga av den gamle heradstyresalen og produksjonen av utstillinga har vore mogeleg takka vera gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Hardanger.