Hopp til hovudinnhald

Platons drikkegilde

NB! Arrangementet har funne stad
Kongressen Poesifestivalen 2026
12. sep. 2026
20.30
  • 1/1
    Platons drikkegilde Magnus Skrede

Velkomen til ein festkveld i kjærleikens namn med Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre si musikalske framsyning basert på Platons Symposion og talene om kjærleikens magi. Med seg har dei skodespelar Ane Skumsvoll og fleire litterære gjester.

I denne framsyninga er Platon bartender, Diotima nattklubbsongarinne og Sokrates stamkunden i baren. Som i Platons Symposion blir utvalde gjester inviterte til å halda taler om kjærleik.

Annlaug Børsheim framfører kjærleikssongar på fele og gitar, medan Vibeke Flesland Havre introduserer talarane og leier samtalene gjennom det segnomsuste drikkegildet i Athen. Linjer blir trekte frå det gamle Hellas til tida me lever i. Kanskje har me framleis noko å læra av dei gamle gudane?

Framsyninga er utvikla av Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre og vart fyrste gong presentert under Festspillene i Bergen i 2022.


Aldersgrense 18 år.

Vaksen kr 400 / Student kr 300