Pumpegris / Torild Wardenær / Elin Stengrundet / Fredrik Parelius / Hadle Oftedal Andersen Ferdinand Schwarz / Geir Egil Bergjord / Ingrid Nestås Mathisen / Anne Martha Stokke, UiB / UiS
Årets festivaltema er Seint rodnar skog i djuvet av Olav H. Hauge. På lyrikkseminaret møter du Elin Stengrundet, Fredrik Parelius og Hadle Oftedal Andersen, som diskuterer nettopp denne diktsamlinga. Ho fekk dels hard kritikk då ho kom, men inneheld dikt som er mellom dei aller sterkaste Olav H. Hauge skreiv. På seminaret skal me bli betre kjende med samlinga, ei overgangsbok der Hauge finn seg sjølv som diktar.
Lyrikar Torild Wardenær kjem til Poesifestivalen for fyrste gong. Wardenær debuterte med I pionertiden i 1994 som ho fekk Aschehougs debutantpris for, og har sidan gjeve ut ei rekkje diktsamlingar. I den nyaste boka hennar, Eks jordisk, krinsar dikta rundt tap av natur og biologisk mangfald. Dikta er detaljrike, vakre og vemodige.
Folkemusikkfenomenet Pumpegris er òg klare for Poesifestivalen, og kjem for å spreie norsk folkemusikk med fest og faenskap – nett slik han oppstod. Med vokalist Vera Sonne i front rører bandet seg mellom kveding og rap og fangar det dansande drivet i folkemusikken!
Fullstendig program kjem 22. juni.
Bli frivillig
– Innsatsen til dei frivillige er heilt avgjerande for at me skal få til ein tredagars poesifest her i Ulvik. Festivalhjula går ikkje rundt utan desse engasjerte frivillige, seier programansvarleg Ingeborg Langballe Storebø.
Som frivillig på Poesifestivalen får du gode opplevingar i eit godt fellesskap. Du får òg nye kjenningar med deg på vegen.