Hilde Myklebust / Tønes / Casper André Lugg / Valkyrien Allstars Helle Frogner / Tommy Ellingsen / Christopher Helberg / Erik Havnes
Årets Poesifestival tek pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i Seint rodnar skog i djuvet som utgangspunkt – diktsamlinga som i dag vert rekna som Olav H. Hauge sitt kunstnarlege gjennombrot. Diktsamlinga fylgjer årssyklusen frå haust via vinter til vår, i ei rørsle som òg speglar det lyriske eg-et si indre verd.
Diktsamlinga har gått frå å bli avskriven som uviktig, til å bli skatta som ei sentral overgangsbok i forfattarskapen til Hauge. Det er her Hauge finn seg sjølv som poet, og det er i denne samlinga me finn eit av Hauges kanskje aller beste dikt, sonettediktet Gullhanen, som lyfter Hauge opp på eit internasjonalt nivå som forfattar. Gjennom årets festival ynskjer me å bli meir fortrulege med denne diktsamlinga av Hauge.
Festivalpoetar
Allereie no kan me kunngjera dei fyrste festivalpoetane: Hilde Myklebust og Casper André Lugg! Begge skriv fram naturen og landskapet som rom for erfaring, og står slik i ein spanande dialog med årets festivaltema. Myklebust har markert seg som forfattar for både vaksne og born, og er festivalaktuell med diktsamlinga Kvit stig morgon skir frå 2025. Lugg har sidan debuten i 2011 gitt ut ei rekkje kritikarroste diktsamlingar. I fjor kom tilhørighetstersklene, som er hans niande diktsamling. Publikum får gleda av å møte dei i opplesingar og samtalar under festivalen.
Musikalske innslag
Festivalen byr òg på engasjerande og stemningsfulle musikalske opplevingar med Valkyrien Allstars og Tønes. Valkyrien Allstars kjem tilbake til Ulvik, no med si nye plate Venter på noen som venter på noen (2025), og lovar ei energisk og tekststerk oppleving. Tønes – ofte kalla ein Dylan på dialekt – tek med seg sitt ellevte album, I år gjør me det heilt enkelt (2025), og eit underfundig og humoristisk låtrepertoar til scena.
Festivalpass og konsertbillettar
Festivalpass og billettar til konsertane er no i sal. Fullstendig program kjem i stadig nye drypp fram mot 15. juni.
Kjøp festivalpass og billettar til konsertane her:
Bli frivillig
– Innsatsen til dei frivillige er heilt avgjerande for at me skal få til ein tredagars poesifest her i Ulvik. Festivalhjula går ikkje rundt utan desse engasjerte frivillige, seier programansvarleg Ingeborg Langballe Storebø.
Som frivillig på Poesifestivalen får du gode opplevingar i eit godt fellesskap. Du får òg nye kjenningar med deg på vegen.
Vil du bli med som frivillig? Les meir og finn kontaktinformasjon her: