Frivillig under Poesifestivalen

Illustrasjonsbilete av frivillige under Poesifestivalen.

Som frivillig under Poesifestivalen gjev vi deg:

Frivilligarmband
Som frivillig kan du reservere plassbillett til to utvalde arrangement under festivalhelga. Det gjeld ikkje for arrangementet på Rossvoll då dette er i regi av Venelaget Hauge. Du vil elles ha tilgang til alle arrangementa under festivalen når du har fri og det er ledig kapasitet på arenaen.

Festival t-skjorte
Denne må du ha på deg når du er på jobb for festivalen.

Mat
Varmt måltid i festivalkroa dei dagane du er i arbeid.

Forsikring
Festivalen har medarbeidarforsikring for alle frivillige, gjeld medan du er på jobb for festivalen.

Medarbeiderfest
Søndag kveld når siste poet er reist blir det fest for alle frivillige.

Attest
På førespurnad kan du få ein arbeidsattest etter festivalen.

Som frivillig under Poesifestivalen må du:

Kontaktinfo
Gje oss den kontaktinfoen som vi ber om, slik at vi lett kan nå deg ved behov.

Førebu deg
Gjer deg kjend med dine oppgåver når du har fått jobb hjå oss. Syt for at du kjenner vaktliste og arbeidsinstruks som fyl med produksjonsplanen for festivalen.

Ver synleg som frivillig
Bruk t-skjorta du får når du er på jobb for festivalen, ikkje når du har fri.

Alkohol
Det er ikkje tillate å nyte alkohol eller andre rusmiddel når du er på jobb.

Tryggleik
Tryggleik er eit felles ansvar. Orienter deg om rømningsplanar og andre instruksar der du er på arbeid. Det er viktig at alle frivillige les gjennom eigen HMT-plan for festivalen i produksjonsplanen.

Som frivillig under Poesifestivalen kan du arbeida som:

Poesikontoret
På poesikontoret arbeider du midt i hjarte av festivalen. Her er det viktig med jamn puls og system i papira. Poesikontoret betener festivalen sine gjester og frivillige med all naudsynt informasjon. Kontoret skal også koordinere utlevering og mottak av billettskrin og varer for sal, samt halde styr på vaktlister og akkreditering.

Arrangementsansvarleg
Som arrangementsansvarleg får du ansvaret for ein eller fleire programpostar og dermed også ein eller fleire utøvar under heile deira opphald på festivalen. Du skal syte for at dei har det bra og har alt dei treng. Å vere arrangementsansvarleg er ein jobb med ansvar men og med mykje moro. Poesifestivalener kjent for å vera ein festival som verkeleg tek vare på utøvarane sine. Dette kan vi takke alle våre arrangementsansvarleg for. Vil du vere arrangementsansvarleg får du opplæring før festivalstart.

Poesivert
Som poesivert møter du publikum der det skjer. Du har ansvar for billettsal på arenaen, vakthald og informasjon til publikum. Festivalen har mange arrangement, og difor treng vi også mange poesivertar. Vi har mange røynde poesivertar som har vore med oss i mange år. Kvart år kjem det også heilt nye frivillige til, som også synes det å høyre litt poesi eller musikk på jobben er ein stor fin bonus. Alle poesivertar får naudsynt opplæring i billettsal og vakthald før festivalen.

Sjauing
Sjauing er festivalen sin bokrygg. Har vi ikkje den på plass så ramlar alle sidene frå kvarandre. Som sjauar må du ikkje vere redd for å ta i eit tak. Du må kunne løfte lydutstyr i ulike vektklassar, men hugs at du alltid har fleire hender rundt deg som er med på same løftet. Sjaurar syter for at arenaen er klar før bruk, og at den vert rydda etterpå.

Transport
Sjåførar må så klart ha førarkort, og du må vere ein trygg og god sjåfør. Utøvartransport skjer i eigne private bilar, og sjåførar leverer reiserekning når festivalhelga er over. Vi prøver å få så mange utøvarar som mogeleg med tog til Voss, men turar til Flesland vert det også ein del av.

Ynskjer du å bli frivillig på Poesifestivalen? Send ein e-post til post@nynorsk.no