Hopp til hovudinnhald
Poetane les:

Lesing ved Hilde Myklebust og
Svanhild Amdal Telnes

NB! Arrangementet har funne stad
Ulvik folkebibliotek Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
14.30
  • 1/1
    Hilde Myklebust / Svanhild Amdal Telnes Helle Frogner / Julie Pike

Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. I 2018 kom diktsamlinga Kvar ein fugl. Til årets festival er ho aktuell med si fjerde diktsamling, Kvit stig morgon skir, som kom ut i fjor.

I Myklebust sine dikt finn me eit konkret og biletsterkt språk med djupe røter til naturen og til menneska som lever i han. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, gjennom steingardar, marker, gamle tre og fuglar som flyr over ein gard.

Svanhild Amdal Telnes (f. 1994) debuterte med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar i 2018, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho har sidan gjeve ut Å jage ein hjort i døden (2021) og Munn mot tømmeret (2024).

Telnes skriv dikt i eit konsentrert og biletrikt språk, og sterke motiv og indre samanhengar går att gjennom bøkene hennar. Dikta krinsar ofte kring nære relasjonar, natur og menneske i utsette situasjonar.

Arrangementet er i samarbeid med Ulvik folkebibliotek.


Fri inngang.