-
Illustrasjonsbilete Unsplash
Hinta tek utgangspunkt i diktinga til Olav H. Hauge og er korte, stemningsfulle glimt som lokkar deg ut på tur i bygda. Her handlar det ikkje om å springa fortast, men om å sjå nærare, undra seg – og finna.
Alle kan delta, åleine eller saman: born, ungdom, vaksne, familiar, vener og tilreisande. Når du finn dagens egg, er det fint om du tek eit bilete av staden og deler kvar du fann det – slik at fleire får sjå fasiten og blir inspirerte til å vera med neste dag.
Bli med og opplev Ulvik på ein ny måte. Fylg med i kanalane våre i sosiale medium kvar morgon. Kanskje er det du som finn dagens påskeegg?