Hopp til hovudinnhald

Sidersleppkonsert: Sliteneliten

Det er fruktbløming, siderslepp og tid for konsert i Ulvik!

Det er fruktbløming, siderslepp og tid for konsert i Ulvik!

Yppal mat og drykk
Promenaden 7, 5730 Ulvik
23. mai 2026
21.00
Kjøp billett
  • seks damer der nokre står ved sida av, eller sit på, ein raud traktor
    Slitenliten Pål Jørgen Volan

Sliteneliten er bandet som vil gjera politisk musikk «great again» med hardtslåande visepunk på klingande vossamål. I fjor spelte dei på Roskilde-festivalen i Danmark, i år kjem dei til Ulvik! Bandet har gjeve ut to plater smekkfulle av låtar med trøkk og vilje, med tekstar som vil noko meir enn å berre underhalda.  

Når ein ikkje kan endra verda med pengar eller posisjonar, får ein gjera det på anna vis: rigga opp trommesettet, stemma gitarar, bass, fele og tverrfløyte, reinska stemmene og syngja ut. Med poppete kraftballadar, rockelåtar og folkete visesongar med 70-talsschwung byd Sliteneliten opp til både dans og allsong.  

Bandet består av Thea (trommer), Inga (fele), Silje (tverrfløyte), Synneva (vokal, gitar og piano, i tillegg til all slags andre instrument, som langeleik og saksofon), Ylva (gitar) og Maria (bass). Alle korar – og gaular i kor når det trengst.  

Denne siderslepphelga kjem Sliteneliten til Haugesenteret for å setja tonen for våren: høgt, energisk og med rom for både alvor og glede. Det er berre å møta opp!

Billett kr 300