- 1/1
Casper André Lugg / Valkyrien Allstars / Torild Wardenær / Ida Börjel / Tønes Christopher Helberg / Erik Havnes / Geir Egil Bergjord / Johan Sundell / Tommy Ellingsen
Årets festival tek utgangspunkt i Olav H. Hauge si diktsamling Seint rodnar skog i djuvet, som i år fyller 70 år. Diktsamlinga blir rekna som det kunstnarlege gjennombrotet til Hauge, og gjennom festivalhelga vil poetar, forfattarar og litteraturforskarar utforska både denne boka og samtidspoesien ho peikar fram mot.
– Me håpar årets program kan opna for nye møte med både Hauge og samtidspoesien, og at publikum får kjenna på lyrikken si ibuande kraft gjennom lesingar, samtaler og føredrag tre dagar til endes. Om du reiser heim frå festivalen med eit nytt favorittdikt på innerlomma, har me gjort noko godt og viktig, seier festivalsjef og museumsleiar Jorid Lekve Eide.
I Bergen blir det poetisk oppvarming allereie onsdag 9. september, når Blekk går av stabelen med poesiseminar og festkveld. Torsdag 10. september tjuvstartar festivalen på Litteraturhuset i Bergen, der Fredrik Parelius og Eira Søyseth samtalar om litterær grjot, røter og vekst med utgangspunkt i festivaltemaet.
- 1/3
Ida Börjel Johan Sundell - 2/3
Casper André Lugg Christopher Helberg / Bonnier Norsk Forlag - 3/3
Torild Wardenær Geir Egil Bergjord
– Gjennom festivalhelga får publikum lytta til den rikdomen som bur i den norske og nordiske poesifloraen, seier Eide. Blant årets festivalpoetar finn me Ida Börjel, Casper André Lugg, Hilde Myklebust, Svanhild Amdal Telnes og Torild Wardenær. Me møter Wardenær òg i årets Haugesamtale, der ho samtalar med Pedro Carmona-Alvarez om å skriva dikt med omsyn for og kjærleik til naturen – slik også Hauge gjorde. Professor ved Universitetet i Stavanger og poet Ingrid Nielsen er årets Haugeførelesar.
Publikum kan også venta seg mange flotte musikalske opplevingar. Valkyrien Allstars, Tønes, Pumpegris og Vildebjønns selskap kjem alle til Ulvik, medan Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre tek med seg Platons drikkegilde, ei musikalsk framsyning basert på Platons Symposion. Martin Ingebrigtsen, som fekk Haugestipendet i 2024, kjem tilbake til Ulvik med årets tingingsverk Treet drøymer om seg sjølv, saman med musikar og komponist Jordan Sand.
- 1/2
Valkyrien Allstars Erik Havnes - 2/2
Tønes Tommy Ellingsen
Festivalprogrammet rommar òg bygdevandring i fotspora til Hauge, diktlesing og sundagslauging, og poesi langs landets einaste frukt- og siderrute. Forfattar og poet Brynjulf Jung Tjønn vitjar ungdomsskular i Hardanger og Voss med føredrag om utanforskap, identitet og rasisme. Dei yngste får møta forfattar Ingunn Thon både gjennom skulebesøk og som gjest i Avdeling T og Full bajas.
– Poesien kjem til uttrykk på mange ulike måtar under årets festival, frå dei store scenene til dei små møta rundt om i bygda. Me håpar publikum får oppleva både breidda og nærleiken som lyrikken rommar, seier vertskaps- og programansvarleg Ingeborg Langballe Storebø.
Fullstendig program og billettar finn du her:
- 1/1
Festivalsjef Jorid Lekve Eide og vertskaps- og programansvarleg Ingeborg Langballe Storebø gler seg til å ynskja publikum velkomne til Poesifestivalen 11.–13. september. Nynorsk kultursentrum