- 1/1
Martin Ingebrigtsen / Jordan Sand Terje Visnes / Jeleena Rae
Årets tingingsverk er ved Martin Ingebrigtsen, som mottok Haugestipendet i 2024, og musikar og komponist Jordan Sand. Poesien veks ut av eit drøymande lydlandskap og er som eit tre som forsøkjer å forstå seg sjølv gjennom å hugsa sine tidlegare liv. Lausrivne fragment kjem saman i ei skildring av ein tilstand bortanfor tid og kontekst og inviterer lyttaren til å la seg bli ført vekk.
Komposisjonsprosessen har sitt utgangspunkt i improvisasjon. Poet og musikar har skapt råmateriale gjennom å respondera på kvarandre, og dette har i sin tur blitt foredla kvar for seg og så vevd saman att.
Martin Ingebrigtsen debuterte med diktboka Riv av seg ansiktet i 2018 og har sidan gjeve ut Bukk & Sigd (2023) og Ein filleting som døden (2025). Poesien hans er blitt skildra som utprøvande og biletleg tett, med kulturelle referansar, refleksiv ordrikdom og direkte tiltale. Ingebrigtsen er òg omsettar, skrivelærar, formidlar og redaktør. Han har omsett forfattarar som Åsa Maria Kraft, Nathaniel Farrell, CAConrad og Julia Cimafiejeva.
Jordan Sand er ein amerikansk kontrabassist, vokalist, improvisatør og komponist busett i Trondheim. Musikken hennar rører seg mellom sjangrar som klezmer, klassisk musikk, jazz, folkemusikk, eksperimentelt teater og improvisasjon. Sand er kjend for sine arbeid med orgelliknande resonansar gjennom kontrabass og vokal og har medverka i ulike prosjekt for både teater og dans rundt om i verda.
Vaksen kr 300 / Student kr 200