-
Ruth Lillegraven, Kjersti Mjør, Annlaug Børsheim, og Agnes Ravatn Agnete Brun / Arne Flatin / Linn Heidi Stokkedal / Line Omland Eilevstjønn
Lillegraven og Ravatn kom begge med ny bok i 2025. Dei har òg til felles at dei har skrive seg inn i hjarta til lesarar frå heile landet – med romanar, lyrikk, barnebøker og krim. Denne kvelden møtest dei på scena i Ulvik i eit samspel der humor og alvor går hand i hand. Dei vil snakka om by og bygd, venskap og uvenskap, skriveglede og skrivesperre – i salig blanding.
Den prislønte journalisten og forfattaren Kjersti Mjør – som òg kjem frå Kvanndal og Granvin – leiar samtalen. Ulvik si eiga Annlaug Børsheim – allsidig og ettertrakta musikar – tilfører fagert tonefylgje.
Billett kr 300