Hopp til hovudinnhald
Føredrag ved Ruth Lillegraven:

Um nætene låg eg ofte og lydde til susen av lauvet

NB! Arrangementet har funne stad
Gulebygningen, Hjeltnes Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
15.00
  • 1/1
    Ruth Lillegraven Agnete Brun

Olav H. Hauge sine dikt har fylgt forfattar og poet Ruth Lillegraven gjennom heile livet. Dikt i samling er kanskje den einaste boka ho har lese i med jamne mellomrom sidan ho lærte seg å lesa. Det var òg den einaste boka ho (utan løyve) tok med seg frå barndomsheimen i Granvin då ho flytta austover i 1997. Det er kanskje ikkje så rart at det eine essayet Lillegraven så langt har skrive, handlar om nett Hauge.

Lillegraven er sjølv oppvaksen på ein fruktgard. Ho har alltid vore nysgjerrig på korleis Hauge delte seg mellom rolla som diktar og rolla som gardbrukar. Ho har sett på det Hauge sjølv skreiv. Kva fortel dikta og dagboknotata til Hauge om det å vera fruktdyrkar? Var det ei form for tryggleik å også vera fruktdyrkar, ikkje berre diktar?

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt og har sidan gjeve ut fleire kritikarroste diktsamlingar, i alt fem for vaksne og tre for born. For samlinga Urd frå 2013 fekk ho Brageprisen. Lillegraven er kjend for forteljande dikting og skildringar av sjeleliv og menneskeskjebnar, ofte med eit vestlandsk bakteppe.


Vaksen kr 250 / Student kr 150