- 1/1
Studentar frå Skrivekunstakademiet i Bergen les frå skrivebøkene sine. Akademileiar og forfattar Sandra Lillebø losar oss gjennom og presenterer dei unge lovande til eit nysgjerrig festivalpublikum.
På arrangementet blir det òg urframføring av Vi kan-koret, eit diktverk som har blitt til som eit samarbeid mellom Den norske Forfatterforening, Poesifestivalen i Ulvik og Skrivekunstakademiet. Ulike DnF-medlemmer har skrive setningar som startar med «Vi kan», og dette materialet har blitt elta og vridd av poesilærar Morten Langeland og studentane hans ved Skrivekunstakademiet.
Skrivekunstakademiet er ein høgskule som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Akademiet har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av studentane herifrå har debutert som forfattarar. Akademiet er ein viktig nasjonal og regional utdanningsinstitusjon med si utdanning innan skrivekunst, og elles i arbeidet for å styrkja norsk skriftkultur.
Poesifestivalen er svært glad for at unge lyriske røyster frå akademiet i Bergen vil dela av sin poesi her i dag.
I samarbeid med Skrivekunstakademiet.
Fri inngang.