Hopp til hovudinnhald

Utstillingsopning  i Haugesenteret

Det er utvalet som gjer ei boksamling, ikkje talet. Hundrad bøker kann vera nok åndeleg føde for ein mann, – 1000 kann ofte vera for lite.

Olav H. Hauge, Dagbok, 12. juli 1945.

Haugesenteret har gleda av å invitera til opning av ny utstilling i den nyoppussa Haugesalen onsdag 17. desember klokka 18.00. No syner me for fyrste gong fram heile boksamlinga til Olav H. Hauge på over 4000 band.  

Det er eit stykke frå det å vera interessert i bøker – sjølv med den graden av bokinteresse Hauge hadde  – til det å eiga godt over fire tusen band. Så korleis skaffa Hauge seg alle desse bøkene, og til kva tid? Kva rolle spela bøkene i livet til poeten, og kva kan bøkene fortelja oss om Hauge si eiga dikting? Dette freistar me seia noko om i denne nye utstillinga vår.  

Utstillinga er kuratert av staben på Haugesenteret ved museumsleiar Jorid Lekve Eide, fyrstekonservator Stein A. Hevrøy og formidlar Anja Haugland Svingen. Utstillinga er produsert av utstillingsprodusenten SixSides. Bruket Arkitektur har vore utstillingsarkitekt og møbelsnekkar Morten Hansen i Fagerheim Tre står bak den nye bokhylla som husar Hauge sine bøker.  

Oppussinga av den game heradsstyresalen og produksjonen av utstillinga har vore mogeleg takka vere gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Hardanger.  

Me håpar du vil koma og feira ein stor dag her i poesimuseet saman med oss. 

Velkomen!