Frå utstillinga på Haugesenteret. André Hustoft Nesheim
Du kan sjå boksamlinga til Hauge på over 4000 bøker og bli kjend med dei forfattarane som inspirerte han. I poesiverkstaden kan du lata deg inspirera til å skriva dikt sjølv. Forfattartips frå samtidspoetar hjelper deg i gang, og me held også skrivekurs gjennom året. I temautstillinga kan du læra meir om forfattarskapen til nobelprisvinnar Jon Fosse.
Diktaren og fruktbonden Olav H. Hauge har skrive dikt frå kvardag og natur og gjort seg mange tankar om livet og litteraturen. Ved ei omvising i Haugesenteret blir du betre kjend med diktaren, dagbokskrivaren og boksamlaren Hauge. I sommar har me faste omvisingar tysdag-fredag kl 12.30 frå 24. juni til 18. August. Grupper kan tinga omvising gjennom heile året på haugesenteret@nynorsk.no
Velkomen til Ulvik og til Haugesenteret!