Hopp til hovudinnhald
Venelaget Olav H. Hauge:

Du var vinden og Amboltprisen 2026

NB! Arrangementet har funne stad
Rossvoll Poesifestivalen 2026
12. sep. 2026
14.00
  • 1/1
    Tore Brunborg / Juni Dahr / Per Oddvar Johansen Alfredo Barbuti / Anders Lien

Du var vinden

Juni Dahr kjem til Rossvoll under årets Poesifestival saman med jazzmusikarane Tore Brunborg og Per Oddvar Johansen, med konsertførestillinga Du var vinden. Dikta og tekstane til Olav H. Hauge har inspirert til ei ny framsyning i tunet på Rossvoll, der diktaren sjølv budde.

Olav H. Hauge levde heile livet som fruktdyrkar i Hardanger. Dikta hans handlar om kvardagen og naturen ikring, men Hauge skreiv òg mange andre tekstar, mellom anna i dagbøkene sine.

Juni Dahr møtte Olav H. Hauge fleire gonger og lét seg inspirera av dikta og tekstane hans. Hauge overvar førpremieren på den nynorske versjonen av Jeanne d’Arc, som Dahr framførte i Seljord i Telemark, og dei fekk ei god samtale i etterkant av førestillinga.

Amboltprisen 2026

Venelaget Olav H. Hauge deler ut Amboltprisen til ein person som har arbeidd for å gjera diktinga til Olav H. Hauge kjent. Prisen blir delt ut annakvart år i samband med Poesifestivalen. I år er den tyrkiske omsetjaren Orhan Tekelioğlu prisvinnar.

  • 1/1
    Orhan Tekelioğlu Haluk Çobanoğlu

Tekelioğlu har vore ein framståande formidlar av norsk poesi i Tyrkia. Han har gitt ut to større samlingar med utvalde dikt av Olav H. Hauge på tyrkisk. Hauges dikting har gjennom desse omsetjingane blitt lesen av studentar, kritikarar og andre litteraturinteresserte.

Tekelioğlu kjem til Ulvik for å ta imot prisen og vil fortelja om arbeidet med å fremja Hauges dikting i Tyrkia.


Venelaget Olav H. Hauge er arrangør.

Vaksen kr 350 / Student kr 250 / Medlemer i Venelaget kr 300