Hopp til hovudinnhald

Vinnarane av diktkonkurransen er kåra

Haugesenteret takkar for alle diktbidraga som har kome inn til konkurransen vår i høve Verdas poesidag! Folk frå ulike deler av landet, i alderen 10-68 år, har sendt inn sine dikt. Det gjev oss god tru på diktet si framtid!

  • Illustrasjon med Olav H Hauge og hadskrifta hans
    Nynorsk kultursentrum

Framtid og håp var også tema for denne diktkonkurransen, og fleire av dikta som kom inn syner oss at poesien har kraft til å gje stemme til håpet og framtida, og til å fanga det som ligg mellom draum og røynd.  

Ein jury frå Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret har kåra tre vinnarar i kvar sin kategori. Juryen er imponert over dikta, og håpar vinnarane vil halda fram med å skriva fleire dikt også i framtida. Ein premie til inspirasjon for vidare skriving er på veg i posten. Gratulerer!  

Vinnar kategori born:  

Mørke dagar  
Kvifor skal vi pakke ned livet i ein koffert, dra vekk og gløyme?  
Kvifor rømme og ikkje snakke?  
Kvifor frykte når ein kan sei imot?  
Kvifor springe når ein kan redde?  
Kvifor krangle når me alle er i  
ei boble som vert tynnare for kvar dag . 

Vilja Lekve Halvorsen, 
12 år, frå Ulvik
 

Vinnar kategori ungdom:  

Håp 
Kva er dette ordet? 
Er det noko me er fødd  med,  
ei kjensle som gir oss fred? 
Kan me sei det er lengsel, 
ein draum om noko betre. 

Håp, moglegheita for noko nytt. 
Syna ditt liv og lytt, 
lytt på mine enkle ord. 
Alle stadar på denne jord. 
Rundt deg kan du sjå 
håp! 

Anna Vevle 
17 år, frå Voss   

Vinnar kategori vaksen:

Arbeidsplan for 7a  
Dotter mi 
skal lage  
insekthotell 
lære om 
urfolket  
i Canada 
utforske   
mat og klede 
i Islam 
spele trommer 
til «Yellow Submarine» 
svømme butterfly 
bøye substantiv 
ho er 
eit håp, håpet  
ei framtid, framtida. 

Helen Daae Frøyseth 
46 år, frå Uggdal 

Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2