I år inviterte me deltakarane til å skriva med utgangspunkt i Olav H. Hauge sitt dikt Syn oss åkeren din frå 1956. Diktet freistar seia noko om korleis me menneske kan gå kvarandre i møte, og korleis me er med på å forma samfunnet me lever i.
Det kom inn mange sterke og varierte bidrag frå nær og fjern – frå Ulvik til Venezia. Ein jury frå Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum har no kåra årets vinnarar. Juryen let seg imponera av dikta, og håpar me får gleda av å lesa meir frå vinnarane i framtida.
Me gratulerer og takkar alle som sende inn dikt!
- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4