I samband med opninga av Vinjesenteret, for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. I teksten nedanfor tek Heidi Furre fatt på temaet. 

Horror

Ho hadde gebiss. Mi bestemor. Det stod i eit glas på vasken om morgonen. Eg visste at det stod der, for rommet lukta vademecum. Turte aldri å sjå rett på det, det var hennar organ. Det falske tannkjøttet var svakt rosa. Eg visste ikkje kva gebisset representerte. Smerte. Underklasse. I barnesinnet var det ikkje så rart at eit eldre menneske hadde gebiss. Det var som skaut og brune strømper. Det var normalt. For å få gebiss må du trekke alle tennene. Det er så mykje blod. Det fins eit eige apparat som skal suge opp alt blodet. Blodsugar. Brukte dei ein slik på bestemor? Hadde bestemor bedøvelse? Håpar det. Dei fødte sine barn i smerte, uten menn i rommet. Ingen skrifter fins frå desse fødslane, eg veit kun dato. Eg kan forestille meg det skarpe vårlyset og jordmødre i kvite forkle. Lukta av blod på kvite handdukar og dei varme, våte babyane. Kjærleiken til barnet var den samme på 50-tallet. Dei lot barna skrike, det var noko det første eg lærte som mor. At man lot barna skrike før. Det var det rette. No er det feil. Om eg lukkar auga kan eg sjå foreldra mine bli født. Det einaste eg kan være heilt sikker på er bestemors frisyre. Håret var alltid fint. Eg veit ikkje kor mange tenner ho hadde då ho fekk sitt første barn. Er det best å miste tenner før eller etter barnet?  

 

Eg trur ikkje det er sant, det at dei lot barnet skrike. Eg trur dei tok barnet sitt opp når dei ville. Det er naturen.  

 

Tannlegen senka meg ned i stolen. Eg såg alle nålene og verktøyet. Tannlegen sa at tannkjøttet blødde lett, det kunne eg smake. Han hadde sterke hender inni blå plasthanskar. Lurte på kor mykje kraft han måtte bruke for å trekke ei tann. Var svimmel, tenkte det var synd å besvime her. Det ville bli drama og sukkervatn frå plastkopp. Dei ville få ein masse ekstraarbeid på tannlegekontoret, kaos og kø på venterommet. Høyrte eit ekko av bestemors gebiss. Av blodsmaken i munnen. Dei var ein stor søskenflokk, trur eg. Sju barn? Fem? Eg veit at dei ikkje alltid hadde sko. Dei lot urinstråla frå kua varme føtene deira. Dei passa på dyra, kvarandre og seg sjølv. Eg veit at dei hadde sukker, at barna forma hendene sine som koppar. Dei frakta sukkeret i hendene sine, det var viktig å ikkje søle. Då ville Mor merke at sukkeret knaste under skoa hennar. Hadde Mor sko? Det fins ingen fotografi frå denne tida. Ingen objekt å arve. Ingen antikke bord eller dåpskjolar. Arva ligg i blodet. Eg svimar av når eg ser det. Lukta av blod er den varmaste.  

 

Min oldefar skreiv. Eg veit det fordi han skreiv til meg. Brev om katten sin og dyreliv. Det var gode tekstar. Han starte å jobbe då han var ni år, som gjetar. Frilans barnegjetar. Han var den første i familien som hadde kamera. Det fins eit fotografi der kongen vinkar frå bilen sin i 1945. Kanskje krigen fucka dei litt. Gav dei angst. Dei kunne aldri sleppe den. Dei sa krigen, men dei skulle ha sagt angsten. Den kom om kvelden, når alt var stille. Mot slutten av eit selskap. Angsten kjem når det er stille og mørkt. Som ein gass. Den forgiftar alle i rommet. Det fins fotografi av oldemor, alltid med ein sigarett i hånda. Dei hadde tresko, mine forfedre. Om dei hadde levd i dag hadde dei kanskje hatt crocks. Dei ville klagd på maten min. For lite husmann.

 

Dei slutta ikkje å hesje. Insiterte på å gjere det tungt. Eg likte å hesje. Likte lyden av staur som vart satt i bakken. Fingeren på stålstrengen og lukta av det søte graset. Man skulle passe seg for ljåen. Alle var ute, barn likar det. Høyet skulle henge og henge. Hesjene såg ut som troll i skumringa. Det var vakkert. Det var upraktisk. Dei som var så ordentlege, men hesja på trass. Eg utfører ingenting dersom eg ikkje kan sende faktura. Er dette siste gong hesjing blir nevnt i det skrevne ord? Isåfall skal eg ta meg tid til det. Å hesje er å tørke gras til høy. Høyet skulle være fôr til dyra gjennom vinteren. Mine formødre slo graset med ljå, det såg ut som ein dans. Ljåarbeidet var rytmisk, dei svingte seg ned bakkane. Flytta vekta frå det eine beine til det andre. Det minna om boksing. Dei satte staur i bakken og festa strengar mellom. Der skulle graset hengast. Det skulle ikkje henge for tjukt eller for tynt, det måtte være presis. Arbeidet var tungt og vakkert. Eit semmert arbeid, det er kanskje derfor eg ikkje kjem til å nevne det fleire gongar. Mine barn skal ikkje skrive det. 

 

Eg veit ikkje om det er sant, det at dei ikkje hadde sko. Det er for seint å spørje. Hadde bestemor pikerom? Sitt eige rom med dokker, skrivesaker og nattlampe? Eg hadde det. Eg hadde dagbøker med lås. Nittitallet lukta plast. My Little Pony lukta vanilje. Eg mista tenner, la dei i eit skrin av porselen. Historia var endelig ferdig. Verda var som den alltid skulle være. Tvillingtårna raste, så fekk dei rett. Krigsangsten som sa at det var ikkje over ennå. Aldri var det over. Dei plasserte fat med skrelte poteter på bordet. Under låg ein brodert duk. Nok eit ufakturerbart arbeid. Dei bygde hus med sine eigne hender og vart millionærar. Fekk råd til eit møblement. Køyeseng til barna og nattbord i par. Innerst i nattbordet på bestemors side stod eit skrin med tenner. Ei smertesamling frå barnet som ikkje hadde lært å pusse tenner. Ho fekk gullringar på hendene sine, samme hender som stjal sukker i Mors kjøkken. Hendene med edelsteinar og diamantar hadde grov arbeidshud. Eg har dei samme hendene, kvite fingrar med opne sår eg vaskar med såpe og sprit. Bestemors rubin som eit auge på den midterste fingeren.  

 

Då eg seinare pusla tennene saman var ikkje samlinga komplett. Eg forstod ikkje om dei hadde tilhøyrt samme menneske. Som ei adelskvinne talte eg opp arva mi. Det var ti mjølketenner og tjuetre voksentenner. Når eg plukka dei ut av skrinet smuldra dei opp mellom fingrane. Kun to tenner var heile. Den eine var ei barnetann som må ha stått i underkjeven til ei av mine formødre. Den andre var ei hjørnetann med lange røtter. Innsida av skrinet var kledt i raud fløyel. Tennene var ikkje lenger kvite, men brune og gule. Kun den eine melketanna lyste kvitt. Denne tok eg med meg, saman med skrinet, eit fotoalbum, eit par skinnsko, eit syskrin og ein vase. Resten av møblementet var umoderne og verdilaust.  

 

No satt barnet mitt i tannlegestolen. Eg såg tannlegens harde grep og blanke verktøy. Frå det rosa tannkjøttet steig minnet om gebisset på servanten fram. Eit objekt støpt av horror, sjukdom og underklasse. Ein splint frå trettitallets depresjon i auget. Såg bestemor forsvinne ned bakkane i hesjedansen, med munnen uten tenner. Forsøkte å pusle henne saman med dei bitane eg hadde. Eit pikerom av høy, blod og metall. Lengta etter å sjå henne fri frå det rommet, fri frå si tid og sin klasse.  

Share on facebook
Share on twitter