Historisk dag for språkmangfaldet

BIlete av Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum og Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.
Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum og Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Abid Q. Raja har i statsråd i dag lagt fram det mest solide forsvaret for framtida til språkmangfaldet i Noreg. – Om denne lova blir følgd opp av det offentlege Noreg og supplert med viktige tiltak i statsbudsjetta framover, går språkmangfaldet ei lys framtid i møte, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Framlegget til språklov sikrar norsk som nasjonalt hovudspråk, og stadfester at bokmål og nynorsk er likeverdige og jamstilte skriftspråk. Samstundes får urfolksspråk, nasjonale,  minoritetsspråk og teiknspråk sterkare vern enn i dag. – Det er på tide at alle dei nasjonale språka i Noreg både får vern og lovnad om styrking. Dette er ein historisk dag for språkmangfaldet, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Lova er betre enn mållova
Etter at denne lova må større del av styresmaktene bruke både nynorsk og bokmål. – Språklova som Raja og regjeringa Solberg har lagt fram er i sum betre enn høyringsutkastet og den gjeldande lova om målbruk i offentleg teneste, seier styreleiar Lodve Solholm.

Nynorsk kultursentrum meiner det er svært gledeleg at plikta styresmaktene har til reglane for språkveksling mellom nynorsk og bokmål vert klarare, og at det skal gjelde fleire offentlege tenester. I sum gjer lova det enklare å vere nynorskbrukar i heile landet.

– Med denne lova kan det bli lovfesta at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Det å vere i mindretal er annleis enn å vere i fleirtal, seier Sandsmark.

– Noreg er eit liberalt demokrati. Det betyr at vi tek eit særleg ansvar for mindretalet. Det krev meir å ta vare på mindretalskultur enn fleirtalskultur. Språka har i seg tankesettet og erfaringane til menneske frå ulike tider. Derfor må vi ta vare på og styrkje alle språka i Noreg, slik at vi for all framtid har desse kjeldene til menneska i landet vårt, seier Solholm.

– Vi er glade for at regjeringa i det endelege lovframlegget har klargjort at statsorgan og fylkeskommunar kan krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. For første gong krev ein at fylkeskommunane skal svare innbyggjarane på språket dei skriv til styresmaktene på. Det er bra. Det som er lagt fram viser at opplæring i begge skriftspråka er ein føresetnad om ein skal vere sikker på å kunne gjere heile jobben sin i store delar av offentleg sektor, understrekar Sandsmark.

Lova og meldinga krev oppfølging
Nynorsk er eit sterkt skriftspråk i verda. Det er i bruk kvar dag i heimar, barnehagar, skular, rettsvesen, forvaltning, næringsliv, sivilsamfunn, trussamfunn, kunst, vitskap og media. Dei fleste språk i verda blir ikkje brukt så mykje. Etter fransk i Belgia og Sveits, og katalansk i Spania, er nynorsk det fjerde største mindretalsspråket i skulen i Europa. – Det er eit fantastisk utgangspunkt, seier Sandsmark. – Samstundes er nynorsk i mindretal i Noreg. Alle nynorskbrukarar ser meir bokmål rundt seg enn nynorsk. Det gjer det vanskelegare å bli trygg i eige språk.

Derfor burde både lova og meldinga gått lenger i å gi betre rammevilkår for nynorskbrukarane, legg han til.

Regjeringa får på plass nokre verkemiddel som sikrar at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i bruk i kvardagen. – Det blir likevel gjort for lite for at unge nynorskbrukarar skal få sjå språket sitt på alle område, seier Solholm. Mindretalsomsynet er meir synleg i lovteksten enn i den praktiske språkpolitikken. – Dei mange gode orda om å ta særleg omsyn til nynorskbrukarane viser ikkje att i film-, spel- og mediepolitikken. Det er avgjerande at digital underhaldning også er tilgjengeleg med nynorsk teksting i framtida. Det krev at staten tek modige val og prioriterer pengar deretter, legg han til. Nynorsk kultursentrum meiner òg det hastar med digitale læringsverktøy på nynorsk i skulen. – Vi er uroa for at lova ikkje blir følgd opp med nok ressursar til Språkrådet for å føre tilsyn og rettleiing. Vi hadde også ønska oss sanksjonsmoglegheiter. Det språkpolitiske ansvaret til det offentlege blir mykje større med lova. Då må det følgje med ressursar til å gjere alvor av intensjonane, seier Sandsmark.

– Regjeringa må få med seg Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, eller Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, for å få fleirtal for lova. Vi vonar desse partia stiller krav om å ta endå betre omsyn til dei over 500 000 nynorskbrukarane i landet vårt, seier styreleiaren.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre