- 1/1
Drifa Gudmundsdottir / Nynorsk kultursentrum
| Målgruppe | Varigheit | Antal utøvarar | Maks elevar per arrangement |
|---|---|---|---|
| 5.–7. trinn | 60 minutt | 1 | 30 |
Omtale
Hjarte i alle fargar er ei forteljarframsyning for 5. til 7. klasse. Gjennom høgtlesing av utdrag frå eit utval romanar blir elevane inviterte til å reflektere over og stille spørsmål ved si eiga oppfatning av forelsking, skeiv kjærleik, kjønn og stereotypar.
Overalt finst det menneske som er forelska. Du møter dei på gata, på butikken, inne i husa du går forbi, og på bakeriet. Tusenvis av forelska folk. Det er jenter som er forelska i gutar, gutar som er forelska i gutar, gutar som er forelska i jenter, jenter som er forelska i jenter, oggamle damer og gamle menn som er forelska i kona si. De skjønar … kjærleik over heile fjøla.
I framsyninga får elevane møte nokre fine, morosame og forelska menneske som ikkje har lyst til å la andre bestemme korleis dei skal vere forelska, eller korleis dei skal vere i det heile. Forteljaren løfter fram universelle tema som alle kan kjenne seg att i, samstundes som ho utfordrar elevane si eiga tenking og førestilling om kjønn og stereotypar.
Charlotte Øster er manusforfattar og forteljar. Øster er utdanna mellom anna i dramaturgi, teaterkommunikasjon og munnleg forteljing ved Høgskolen i Oslo. Ho har lang erfaring som forteljar, pedagog og teaterinstruktør, og gjennom Den kulturelle skulesekken turnerer ho i gymsalar, i klasserom og ute på tur i skogen.
Nyttig informasjon
Varigheit
60 minutt
Arena/rom
Klasserom. Elevane må gjerne sitte i hestesko så alle kan sjå kvarandre og utøvaren.
Antal utøvarar
1
Treng scene
Nei
Treng blending
Nei
Treng el-uttak
Nei
For- og etterarbeid
Ja, etterarbeid.
Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning.
For- og etterarbeid
Utøvarar og produsentar
Utøvarar
Charlotte Øster er manusforfattar og forteljar. Øster er utdanna mellom anna i dramaturgi, teaterkommunikasjon og munnleg forteljing ved Høgskolen i Oslo. Ho har lang erfaring som forteljar, pedagog og teaterinstruktør, og har turnert i Den kulturelle skulesekken med ulike framsyningar. Våren og hausten 2022 turnerte ho med "Hjarte i alle fargar" i samband med Pride både i Oslo og på Sunnmøre. Ho besøkte også fleire klasser i samarbeid med Nynorske pilotbibliotek i Hallingdal, Gudbrandsdalen og Rogaland. Hausten 2023 reiste ho med framsyninga på turné i Vest-Telemark, eit samarbeid med Kimen litteraturfestival.
Produsent
Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.
Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.
Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.