Hopp til hovudinnhald

Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik

Kva vil det seie å vere forelska? Og hugsar du korleis det var å vere ung og forelska?

  • To som leier kvarandre med samanfletta fingrar. Tekstutdrag på knall raud bakgrunn. Overskrifta MØTE i raudt mot turkis murvegg.
    1/1
    Plansje frå utstillinga

Temautstillinga Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik tek for seg desse temaa. Ho blei laga til Dei nynorske festspela 2011, då Bjørn Sortland var festspeldiktar. Sortland har skrive mykje for ungdom, og er oppteken av det store K-ordet. Kjærleik var også tema for Festspela 2011.

Sitat frå utstillinga:

«Eg ser for meg korleis han brukar å gå opp trappa. Og så det eg likar aller best, augneblinken når han får auga på meg. Smilet som begynner forsiktig i eine munnviken, og det vesle nikket. I grunnen er det rart at me helsar på kvarandre, for eg har jo aldri snakka med han.»
Ingelin Røssland, Flyt, 2009

«Fingrane våre har funne kvarandre, hjertet mitt har flytta seg ut i venstre hand og ligg der og dunkar og skjelv.»

Linn T. Sunne, Blå blondine, 2008

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Åshild Widerøe, Ottar Grepstad

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2