- 1/1
Are Kalvø skal på turné med boka «Berre bønder lengtar heim» i starten av mars. John Andresen
I mars startar første turné, og vi får besøk av Are Kalvø med boka Berre bønder lengtar heim. Her tek Kalvø lesaren med på ei humoristisk og klok reise mellom by og land – etter å ha budd både i ei av Noregs minste kommunar og i London for å finne ut kva som eigentleg er best. Publikum kan forvente skråblikk, varme historier og refleksjonar om identitet og tilhøyrsle, presentert med Kalvøs humoristiske penn og scenevande formidlingsevne.
Magnhild Bruheim kjem med krimboka Stjernefallet. Dette er ei spennande forteljing der journalist Tuva Velid grip fatt i ei gamal stjerne si mystiske historie, og eit dødsfall på Finnskogen. Boka flettar saman etterforsking, mange hemmelegheiter og sterke menneskelege skjebnar. I tillegg får publikum gjennom forfattarmøtet eit innblikk i korleis ei krimhistorie blir til, og kva som inspirerte forfattaren.
I veke 17 står Alf Kjetil Walgermo klar med Litteratur i Andeby – ei «andalytisk» og leikande utforsking av Donald Duck og litteraturhistoria. Boka er ei varm hyllest til leseglede og ei litterær reise gjennom både klassikarar og barndomsminne, sett gjennom Andeby sine fargerike innbyggjarar. Publikum kan forvente både innsikt i kvifor vi elskar bestemte forteljingar, og eit nytt blikk på kjende litterære klassikarar gjennom humor og fantasi.
Skuleturnéar om bajasar og superheltar
Litteraturhus-programmet inneheld også turnéar for yngre lesarar. I vår møter skuleborna Ingunn Thon og den humoristiske boka Full bajas om Orion, ein gut som alltid gjer alt perfekt, men som ein dag vaknar og blir heilt bajas! Til sist i vår kjem Øystein Runde med Stamcellar. Boka handlar om kroppen sine superheltar, og er ei illustrert faktabasert forteljing om korleis stamceller fungerer i kroppen. Gjennom teikneserieliknande format blir vanskelege tema lett tilgjengelege for unge lesarar som er nysgjerrige på naturfag og kroppen sine mysterium.
Velkomen til vårens litterære høgdepunkt!
Litteraturhus i Møre og Romsdal er ei litteratursatsing i heile fylket. Om lag 125 gratisarrangement sikrar at over 6500 gjester kvart år får gode litteraturopplevingar på biblioteket der dei bur. Nynorsk kultursentrum er ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre, og Bjørnsonfestivalen har tilsvarande ansvar for Nordmøre og Romsdal. Satsinga starta som eit prosjekt i 2021, og etter ei svært god evaluering får det frå 2024 fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle kommunane i fylket, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund støttar også satsinga.
Programoversyn
Forfattarmøte med Are Kalvø – Berre bønder lengtar heim
Veke 10
måndag 2. mars Giske folkebibliotek, kl.12.00
måndag 2. mars Eidet bibliotek, kl.19.00
tysdag 3. mars Nærmiljøkafe i Sandøytunet, kl. 12.00
tysdag 3. mars Martin Linge-huset, kl.18.00
onsdag 4. mars Sula bibliotek, kl.12.00
onsdag 4. mars Sykkylven bibliotek, kl.19.00
torsdag 5. mars Herøy folkebibliotek, kl.19.00
Forfattarmøte med Magnhild Bruheim – Stjernefallet
Veke 13
tysdag 24. mars Ørsta folkebibliotek, kl. 19.00
onsdag 25. mars Skodje bibliotek, kl. 19.00
Forfattarmøte med Alf Kjetil Walgermo – Litteratur i Andeby
Veke 17
måndag 20. april Giske folkebibliotek, kl. 18.00
tysdag 21. april Stranda folkebibliotek, kl.19.00
onsdag 22. april Volda folkebibliotek, kl. 18.00
torsdag 23. april Hareid folkebibliotek, kl. 19.00
- 1/1
Magnhild Bruheim besøkjer Ørsta folkebibliotek og Skodje bibliotek med boka si «Stjernefallet» i slutten av mars. Gudmund Moren
- 1/1
Alf Kjetil Walgermo kjem til Giske folkebibliotek, Stranda folkebibliotek, Volda folkebibliotek og Hareid folkebibliotek i april. Tone Leksebø Walgermo