Hopp til hovudinnhald

I Edvard Hoems tid

– Å skrive er for meg å stille eit sakn, å fylle ut ein mangel, å rette på ein feil.

  • Plansje med tittelen Heimlandet og foto av eit raudt eldre hus.
    Frå utstillinga

Dette skriv Edvard Hoem i ein nyskriven tekst for denne utstillinga.

Hoem har ein svært brei og variert forfattarskap bak seg, og det er uråd å vise fram alt dette i ei utstilling. Tid er eit nøkkelomgrep i forfattarskapen til Hoem, og det viser att i utstillinga. Eine halvdelen handlar om levd tid, den andre om tider i bøkene hans.

Hoem var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2005, og utstillinga blei opna 23. juni 2005.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (1 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Produsert av
Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Marit Neergaard, Svein Arne Myhren, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon)

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2