Innhaldsrik fagdag om Tarjei Vesaas sin forfattarskap

Bilete frå auditoriumet på Høgskulen i Volda under fagdag om Tarjei Vesaas.

Over 30 publikummarar og deltakarar var samla til fagdag i auditoriet på Høgskulen i Volda for å få med seg seks ulike blikk på forfattarskapen til Tarjei Vesaas, 13. juni. 

Fagdagen, som var eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda, blei arrangert  som ein del av markeringa av at det er 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd.  

– Litteraturen til Tarjei Vesaas har mykje å gi folk også i dag. Forfattarskapen engasjerer  og kjem stadig i nye omsettingar i andre land. Då er det viktig å syne fram forsking på både litteraturen og korleis forfattarskapen har blitt forvalta, seier rådgivar i Nynorsk kultursentrum, Fredrik Hope.  

Under fagdagen kunne over 30 publikummarar og deltakarar mellom anna høyre om etikken i Tarjei Vesaas sin litteratur med Jan Inge Sørbø, Tarjei Vesaas si internasjonale publiseringshistorie etter krigen med Narve Fulsås og om å tonesetje Vesaas med Magnar Åm.  

Per Esben Myren-Svelstad, Inga Henriette Undheim og Lisbeth Pettersen Wærp bidrog også med kvar sine innlegg om høvesvis romanane  Det store spelet,  Brannen og Båten om kvelden.

– Vi vonar at dette var ein fagdag som gav ny innsikt og fleire inngangar til Tarjei Vesaas sin mangslungne og aktuelle forfattarskap, seier Hope.  Også i fjor samarbeidde Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda om ein fagdag i etterkant av Festspela. Begge partar ser positivt på liknande samarbeid i framtida.  

Fagdagen blei også direktesendt digitalt, slik at dei som ikkje hadde høve til å møte på Høgskulen i Volda også kunne få med seg innlegga.  

Bilete av strøyming frå fagdag på Høgskulen i Volda