Ivar Aasen-tunet fyller 20 år

Måndag 22. juni er det 20 år sidan den offisielle opninga av Ivar Aasen-tunet. – Søndag tjuvstartar vi feiringa, seier dagleg leiar Tone Slenes.

Foto av Ivar Aasen-tunet

– Vi skal sjølvsagt markere jubileet! Vi formidlar arkitekturen, livsverket til Ivar Aasen og historia på nye måtar gjennom dansespråket, seier Slenes.

Det prislønte bygget er teikna i minste detalj av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn (1924-2009). Han såg ved første besøk at nybygget burde plasserast i nær tilknyting til dei eldre bygningane, i eit samspel mellom det moderne og det gamle, og i takt med naturen. Arkitekturen er basert på arbeidet til Ivar Aasen, og dette er det første prosjektet der Fehn var involvert i både bygget, utstillingane og uteområdet.

Formidlar gjennom dans
I høve jubileet og Digitale festspela 2020 har dansekunstnar Einy Åm Sparks laga ein film med hjelp av Oclin ved Atle Remmereit som filmfotograf. Koreografien utforskar arkitekturen i den karakteristiske museumsbygningen og intensjonane bak formene og linjene i dette ruvande kunstverket.

UTSYN er ei filmatisk vandrande danseframsyning knytt til Ivar Aasen-tunets 20-årsfeiring av museumsbygningen.

– Sverre Fehn sa om trappa ned til biblioteket at ein går inn i eit bibliotek for å fordjupe seg. Ein går ned i djupet. Dette er utgangspunktet for dette arbeidet. Biblioteket blir eit hav av kunnskap som opnar nye verder, som igjen gir eit utvida blikk på eigen eksistens. Det handlar om leiken mellom det å stå rotfest og samtidig strekkje seg utover, og det å vere ein del av noko større, seier Einy Åm Sparks. 

Bilete av dansekunstnar Einy Åm Sparks
Dansekunstnar Einy Åm Sparks i biblioteket I Ivar Aasen-tunet. Foto: Atle Vasbotn Remmereit

Ein smakebit
Søndag 21. juni får dei besøkjande i Ivar Aasen-tunet sjå filmen, dagen før den blir publisert som del av Digitale festspel på nynorsk.no. Filmen kjem til å gå jamleg i Salen. Publikum får også høve til å prate med Einy sjølv og det er gratis kake i kafeen så langt det rekk. Der vil også vere gluten- og laktosefri kake.

– Med dette er sommarsesongen i gang! Gjennom heile sommaren har vi ope kvar dag frå kl. 10-17 og i helgene frå kl. 12–17, seier Slenes.