Brev og dagbøker Ivar Aasen

Interessert i detaljar frå livet til Ivar Aasen? Her finn du breva og dagbøkene hans.

Breva og dagbøkene til Ivar Aasen blei i åra 1957—60 gitt ut i det store trebandsverket Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal (1921-1989). Verket, som blei gitt ut av Det Norske Samlaget, fyller kring 1500 store boksider, og vel 300 av dei er merknader av Djupedal. Her finn ein ei stor mengd utdjupande detaljopplysningar, og verket er utstyrt med svært gode register og artiklar om breva og dagbøkene. Dette er såleis eit hovudverk for Aasen-interesserte.

Breva og dagbøkene blei digitaliserte av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1998.

Med stor velvilje frå familien til Djupedal har vi fått løyve til å publisere merknadene til Aasen-kjennaren. Merknadene til Djupedal står i band III i den trykte utgåva. 

Band I – Brev 1838-1861

Band II – Brev 1862-1896

Band III – Dagbøker 1830-1896

Reidar Djupedal (1921 - 1989)