Hopp til hovudinnhald

Jakob og Neikob og tidsmaskinen

MålgruppeVarigheitAntal utøvararMaks elevar per arrangement
3–6 år , 1–4. trinn45 minutt1 utøvar70
  • 1/1
    Mari Tveiti, Nynorsk kultursentrum

Omtale

Figurteateret Jakob og Neikob og tidsmaskinen tek utgangspunkt i Kari Stai si sjuande bok om bestevennene, og viser forteljinga om Jakob og Neikob som har lagt seg for å sove etter ein lang og travel dag. Då dei endeleg vaknar, oppdagar dei at dei har sove i ti år. Men kor har tida blitt av? Kan Tjuven ha stole tida? Kan dei kjøpe tida hos Somlekob i kiosken, hen som alltid har all verdas tid? Eller kan ein tidsmaskin vere redninga? 

Forteljinga om radarparet Jakob og Neikob av Kari Stai er ei historie om to gode venner som bur i lag, men som er veldig forskjellige. Jakob seier nemleg JA til alt, og Neikob seier NEI til alt. Sidan første boka kom ut i 2008 har serien, med sin særmerkte visuelle stil og finurlege humor, etablert seg som ein norsk barnebokklassikar. Bøkene presenterer eit unikt, morosamt og markant univers som egnar seg svært godt til adaptasjon til scene - og særleg figurteater. I tillegg byr forteljinga på ein forfriskande absurditet og leik i filosofisk og abstrakt terreng.

Temaet i Jakob og Neikob og tidsmaskinen let borna utforske store spørsmål om tid, stad, og livets start og slutt på ein avvæpnande og tilgjengeleg måte.  Framsyninga nyttar musikk, lyd og visuelle verkemiddel som handlingsberande element, og leverer ei underhaldande og humoristisk oppleving.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Adele Lærum Duus. Duus er kunstnarisk leiar, Hallvard Lærum er komponist og Annicke Gill har regien. Forfattar Kari Stai og Samlaget har gjeve løyve til bruk av åndsverk.

Framsyninga er laga med stønad frå Kulturtanken, Scenekunstbruket og Kunsthuset Wrap.

Nyttig informasjon

Varigheit

45 minutt

Tid opprigg

120 minutt

Tid nedrigg

60 minutt

Arena/rom

Gymsal/auditorium/Aula

Antal utøvarar

1

Treng scene

Nei

Treng blending

Ja

Treng el-uttak

Ja

Ynskje til lokal arena

Treng 5x5 meter scenegulv til scenografien. Delvis eller full blending. Viss det er flatt gulv, er det best om barna sitt i ulike høgder - som eit amfi: Nokre foran på matter, nokre på benker, nokre på stolar.  Det bør vere om lag 50 cm frå sceneteppe til første rad.

For- og etterarbeid

Nei

Spørsmål og tinging

Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning. 

Utøvarar og produsentar

Utøvar

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar. I dette prosjektet har ho ei kombinert rolle som forteljar, formidlar og figurspelar. Duus har laga fleire figurteaterproduksjonar inspirert av biletbøker gjennom dei siste 20 åra, mellom anna Himmelspringaren av Sissel Horndal, Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland og Monsterbesøk av Áslaug Jónsdóttir.

Produsent

Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.

Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.

Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.