Kari Stai er festspeldiktar i 2023

– Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar! For ei ære!, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet 8.–11. juni 2023.

Bilete av Kari Stai
Kari Stai er festspeldiktar i 2023. Foto: Kari Svanberg / Det Norske Samlaget

– I 2023 kan vi feire 100 år med nynorske biletbøker. Kari Stai er ein viktig fornyar av denne tradisjonen, og blant dei fremste biletbokforfattarane i norsk litteraturhistorie. Vi ser fram til å skape programpostar for både store og små med dette spennande bakteppet, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik.

Den komande festspeldiktaren takka ja med det same og synest det er ei stor ære å bli spurt.

– Aasentunet er for meg ein utruleg vakker plass. Det er ei ro der, samstundes som det er eit knutepunkt og eit sentrum med kulturelt trøkk. Eg har alltid vore ein beundrar av arkitekturen til Sverre Fehn, seier den komande festspeldiktaren.

Ho fortel at ho berre har vore på Festspela éin gong tidlegare, i 2010.

– Då las eg Blodrik og Blodfabrikken for ein stor barneskare.

No gler ho seg til å setje sitt preg på programmet som festspeldiktar.

Kari Stai er har eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk og er mest kjent for barnebøkene om dei to gode vennane Jakob og Neikob, som seier høvesvis ja og nei. For Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, vann Stai både Kritikarprisen og Brageprisen i 2012.

Festspela 2023 blir gjennomført i Aasentunet og ved andre arenaer på Søre Sunnmøre 8.–11. juni 2023. Programplanlegginga er i gang.