Korrekt versjon Nordmannen

Dette er den korrekte versjonen av diktet slik Ivar Aasen til slutt ville ha det. Den versjonen blir også presentert som grunnlag for allsong, med modernisert rettskriving.

«Nordmannen»
Symra, 3. utgåva 1875
Ivar Aasens rettskriving
 
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
 
Han saag ut på dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.”
 
Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
 
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
 
Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar på Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
«Nordmannen»
Tekst: Ivar Aasen, 1875, modernisert rettskriving
ved Ivar Grimstad og Terje Aarset
Melodi: Ludvig M. Lindeman, 1871
 
Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.
 
Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt.”
 
Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.
 
Fram på vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
 
Og når liene grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

Relaterte bøker

Her er eit utval relaterte bøker du kan kjøpe i nettbutikken vår: