-
Marianne Wilhelmsen, Åse Wetås, Peder Lofnes Hauge og Unn Røyneland. Pressefoto.
– Språkpolitikken i Noreg er ofte prega av kortsiktig debatt og enkeltsaker. Derfor inviterer vi ein samtale med eit større perspektiv der vi skal løfte blikket og diskutere nokre av dei mest grunnleggjande utfordringane norsk språk står overfor i åra som kjem. To tema står sentralt i diskusjonane: stoda for norsk fagspråk og dei språklege konsekvensane av makta teknologigigantane har over den digitale infrastrukturen vår, seier ordstyrar for dagen Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum og sekretær for Nynorsk forum.
Både politiske og faglege røyster som er sentrale i språklandskapet deltek i debatten. Blant deltakarane er stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap), statssekretær Marianne Wilhelmsen (Ap), språkforskarane Unn Røyneland (UiO) og Marita Kristiansen (UiB) og direktør i Språkrådet Åse Wetås. Svein Olav Langåker frå Nynorskkommunane og Peder Lofnes Hauge frå Noregs Mållag deltek også med viktige perspektiv.
Arrangementet er ope for alle, og passar for deg som er oppteken av demokrati, kultur og framtida til norsk språk. Arrangementet blir også strøymt. Ordstyrar er Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum og sekretær for Nynorsk forum.
Tid og stad: Måndag 11. august kl. 11.30–13.30, Kulturkammeret, Kraftverket Scene
Arrangør: Nynorsk forum