Hopp til hovudinnhald

​​Kven fortener heider? No kan du føreslå kandidatar til Årets nynorskbrukar 2026​

Kven gjer nynorsk synleg og naturleg i det offentlege rommet? No ønskjer Nynorsk kultursentrum nominasjonar til prisen Årets nynorskbrukar 2026.

  • Bilete av Årets nynorskbrukar 2025 med representantar frå Vipps MobilePay AS og Stø AS
    1/1
    Vipps MobilePay AS og Stø AS, som driv BankID vart kåra til Årets nynorskbrukar 2025. Mara Fet

Alle kan foreslå kandidatar fram til 16. februar 2026. Kandidatane kan vere enkeltpersonar, institusjonar, verksemder eller organisasjonar. 

– Nynorsk treng førebilete som viser kva språket kan vere i dag og i framtida. Årets nynorskbrukar er ein pris til dei eller den som ikkje berre brukar nynorsk, men som utvidar rommet for språket og gjer det relevant for fleire, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum. 

Årets nynorskbrukar er ein av dei fremste prisane for nynorsk i Noreg, og kan gå til aktørar frå alle delar av samfunnet. 

Prisen går til nokon som bruker nynorsk på nye og modige måtar, og som med dette gjer det lettare for andre å vere nynorskbrukarar og bidreg til større forståing for nynorsk. 

Styret i Nynorsk kultursentrum avgjer kven som får tildelinga. Prisen er på 100 000 kr og blir delt ut under Festspela i Aasentunet i juni. 

Nominer din kandidat ved å fylle ut skjemaet under: