Vil du bidra til auka forsking på nynorsk skriftkultur?

Forskar II i nynorsk skriftkultur​

Nynorsk kultursentrum søkjer ein som vil bidra til auka forsking på nynorsk skriftkultur. Med utgangspunkt i samlingane og emna vi arbeider med står du fritt til å utarbeide eigne forskingsprosjekt. Samstundes skal forskaren bidra til å utvikle kvaliteten og omfanget av forskinga som går føre seg i stiftinga.

Stillinga kan vere aktuell for deg som har doktorgrad og gjerne kompetanse som professor, dosent eller tilsvarande i ein humanistisk eller samfunnsvitskapleg disiplin. Det er ein føresetnad at den som er tilsett har forska på relevante emne for nynorsk skriftkultur.

Forskingsverksemda i Nynorsk kultursentrum
Vi har frå hausten 2020 tre heiltidskonservatorar i høvesvis nynorsk skriftkultur, lyrikk og journalistikk. Den siste stillinga blir tilsett i vår. Målet er å utvide til fire konservatorar i løpet av dei nærmaste åra. Vi arbeider systematisk for å kvalifisere disse tilsette til autorisering som konservator/ førstekonservator NMF. Ein del av oppgåva til forskar II er å rettleie og bidra til å løfte forskinga i institusjonen som heilskap.

Nynorsk kultursentrum deltek for tida i desse forskingsprosjekta/ nettverka:
• Nettverk for poetisk tenkjing
• Forskargruppe for skriftkultur, Høgskulen i Volda
• «Fogderifylket» Møre og Romsdal. Eit førestilt fellesskap? (blir avslutta i 2021)
saman med Romsdalsmuseet, Nordmøre museum og Musea på Sunnmøre.
• Museumspedagogikk i litterære museum (blir avslutta i 2020)

Forskaren som blir tilsett står fritt til å finne eigne forskingsprosjekt som er relevante for nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum har fleire relevante samlingar som kan vere eit utgangspunkt for forsking. Boksamlinga etter Olav H. Hauge blir brukt som eit slikt utgangspunkt i dag. Det er også planlagt nye utstillingar ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk som kan vere eit utgangspunkt for forsking. Hovudtemaa her er blant anna 22. juli i dikting og journalistikk, kampen om naturressursar (kraft og krefter) i journalistikken, litteratur om relasjonar, litteratur om samfunnsendringar og møtet mellom nynorsk og hovudstaden.

Tilsetjingsgruppe er dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Tone Slenes, professor ved Høgskulen i Volda Per Halse og tillitsvald i Forskarforbundet Anders Aanes. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju. Direktøren tilset etter innstilling frå gruppa.

Send søknad, CV og publikasjonsliste til post@nynorsk.no seinast 30. mars 2020.

Fagområde:

Forsking, samling og dokumentasjon

Arbeidsstad:

Etter avtale. Stillinga inneber reising til Ørsta, Ulvik og Vinje

Tittel:

Forskar II

Utdanning:

Doktorgrad, fordel med kvalifikasjon som professor, dosent eller tilsvarande

Søknadsfrist:

30. mars 2020

Oppstart:

1. august 2020 eller etter avtale

Stillingstype:

20 prosent, åremål, 4 år